RSS

«Velkomponert»

31 okt

Dag og tid har anmeldt «Min sønn» og de skriver: «Ein finn seg sjølv med både hjartet og latteren i halsen når Arne Svingen skriv med utgangspunkt i det fjerde bodet. (…) Spørsmål romanen reiser, er: Kor langt kan ein gå for å beskytte sitt eige barn? Kva skal til for å gjere seg fortent til respekt som forelder? I kva grad har søner og døtrer eit ansvar for å komme foreldra i møte? Arne Svingen, som har eit omfattande forfattarskap, i hovudsak retta mot barn og ungdom, bak seg, er ein forfattar med særlege evner til å skrelle vekk alt unødig. På aristotelisk vis set han lupa på nokre få personar og eit avgrensa miljø og tidsrom. Både personane og handlinga blir utvikla gradvis. (…) Romanen er velkomponert, med eit gjennomtenkt plot, han har ikkje irrelevante sidespor, og heller ikkje eit for trongt univers. Språkleg er Svingen ein ganske rett fram realist, med presisjon som si sterke side. I tillegg representerer han ein god rytmeseksjon for eige stoff, der språket alltid flyt godt, om det er korthogd eller meir utstrekt. Av og til slår han også til med fine bilde, som i dette nesten Lars Saabye Christensenske: «Nøling er på en måte nervenes irriterende avkom.» Les mer om romanen

 
Kommentarer er skrudd av for «Velkomponert»

Skrevet av den 31 oktober , 2020 i min sønn

 

Det er stengt for kommentarer.